Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vi opnar påmeldinga til haustseminaret

 (28.08.2012)

I dag opnar påmeldinga til Haustseminaret på Lillehammer. Det er helga 13.-14. oktober. Haustseminaret på Lillehammer tek opp det viktigaste spørsmålet for nynorsken nett no: kva slags sidemålsordning treng nynorsken? Seminaret er ope for alle.

Noregs Mållag har ikkje hatt haustseminar på Lillehammer før, og vi gler oss til å ta turen inn i Austmannalaget sitt rike.
Vi har fått mange nye medlemer i Noregs Mållag denne våren. Og å delta på eit slikt seminar er ein fin måte å bli betre kjent med Mållaget.

Vi har mykje spennande på programmet. Vi får besøk av Richard Wyn Jones, professor i walisisk politikk som skal snakke om Kva politisk rolle har språk? Om mindretalsspråksituasjon med utgangspunkt i Wales.

Fleire sentrale politikarar kjem til Lillehammer for å drøfte kva sidemålsordning nynorsken treng. Mellom andre Stine Renate Håheim (Ap), Aksel Hagen (SV), Helga Hjetland, (Noregs Mållag), Guri Melby (V), Olov Grøtting (Sp), Elisabeth Aspaker (H) og Hanne Blåfjelldal (FrP) kjem. Korleis norskfaget skal sjå ut dei komande åra er ei veldig viktig sak, og dette ordskiftet vil du ikkje gå glipp av!

Heile programmet, praktisk informasjon og påmeldingsskjema finn du her: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10476

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no