Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Spennande haustseminar på Lillehammer

 (04.09.2012)

Haustseminaret på Lillehammer tek opp kanskje det viktigaste spørsmålet for nynorsken nett no: kva slags sidemålsordning treng nynorsken?

– Ofte vert sidemålsordninga drøfta med utgangspunkt i kva slags sidemålsordning som høver best for bokmålselevane. Det er viktig å snu på denne problemstillinga og rett og slett prøva å få svar på kva slags sidemålsordning nynorsken treng, seier Janne Nygård, nestleiar i Noregs Mållag.

– Og vi er godt nøgde med at politikarar med stor politisk breidd kjem til seminaret. Mellom andre er det klart at Stine Renate Håheim (Ap), Aksel Hagen (SV), Helga Hjetland (Noregs Mållag), Guri Melby (V), Olov Grøtting (Sp), Elisabeth Aspaker (H) og Hanne Blåfjelldal (FrP) kjem.
– Korleis norskfaget skal sjå ut dei komande åra er ei viktig sak for nynorsken, og dette ordskiftet vil du ikkje gå glipp av, seier Janne Nygård.

Kva politisk rolle har språk?
– Vi har også invitert Richard Wyn Jones som er professor i walisisk politikk og er tilsett ved Cardiff University. Han skal svara på spørsmålet om kva politisk rolle språk har, og vil då ta utgangspunkt i mindretalsspråksituasjonen i Wales.
– Det er interessant å læra om språkpolitikk i andre land, og det kan også vera noko vi kan læra av eller bli inspirert av, seier Janne Nygård. I tillegg til dette vert det også tid til å høyra meir om Språkåret 2013, mållova og om innføringsbøker om 2012-rettskrivinga.
– Så skal vi også drøfta spørsmåla; kvifor nynorsk og kvifor Noregs Mållag. Dette er grunnleggjande spørsmål, som eg trur er sunt for alle å drøfta.

På Lillehammer
Noregs Mållag har gjennom fleire år hatt ein tradisjon for å skipa til eit seminar kvart år. Og for fyrste gong er haustseminaret lagt til Lillehammer.
– Vi er godt nøgde med dette valet. Dette er eit seminar der alle kan melda seg på, og slik sett ligg Lillehammer temmeleg sentralt frå mange kantar i Sør-Noreg. Vi vonar også at medlemene i Austmannalaget nyttar høvet til å bli med på seminaret. Austmannalaget har ordna med underhaldning, og vi får oppleva musikk og ord frå Gudbrandsdalen, fortel Janne Nygård. Ho legg vekt på at det er kjekt å treffa andre målfolk på slike haustseminar.
– Det er fint å ha ein slik møteplass der vi kan ha det kjekt saman, smiler Janne Nygård.

Program og påmelding: Haustseminaret 2012

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no