Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vel møtt til Sunnmørsseminaret

 (05.09.2012)

- Den 3. og 4. november skipar me til Sunnmørsseminaret på Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik, seier Terje Kjøde (framme til venstre), leiar i Sunnmøre Mållag. På biletet er Sunnmøre Mållag representert ved landsmøtedelegasjonen i april.

Målgruppa for Sunnmøresseminaret er mållagsmedlemmer på Nordmøre, i Romsdal, på Sunnmøre og i Nordfjord og Sunnfjord og dei to målungdomslaga på Sunnmøre. Andre er også velkomne.

- Me har med overnatting av to grunnar. Me kan halde på lenge utover dagen, og me vert betre kjende med kvarandre og meir samansveisa. Programmet søndag er likevel så lett at dei som må reise heim laurdagskvelden, ikkje taper mykje fagleg, fortel Terje Kjøde.

- Eit vesentleg mål for seminaret er at deltakarane skal kjenne seg betre skodde og motiverte for å ta på seg leiar- og styreverv i organisasjonen. Me veit at mange meiner dei har for lite kunnskapar om målsaka og målrørsla til å ta på seg slike verv, seier Terje Kjøde.
- Det som skremmer mest, er å fronte målsaka i diskusjonar, i media eller overfor kommunen og andre offentlege instansar. Når deltakarane reiser heim frå seminaret, skal dei også kjenne seg betre budde til å føre vidare Gjennom ord blir verda stor, til å drive organisasjonsbygging, og dei skal sjå fram til å lage ei fin lokal markering av Språkåret 2013.

Pris og påmelding
Lokallaga betaler sjølve reisa. I tillegg kjem ei deltakaravgift på kr 600. For deltakarar frå målungdomslaga vert avgifta kr 400. For den får deltakarane to lunsjar, middag, overnatting med frukost, forfriskingar i pausar og kursmateriell. Resten av denne kostnaden betaler arrangøren. Med dette vonar me at økonomien i lokallaget ikkje skal stå i vegen for deltaking. Prisen for ikkje-overnattande vert kr 200 utan middag, 400 med middag.

For at seminaret skal bli halde, må me ha om lag 20 deltakarar eller meir. Påmelding til Terje Kjøde, Støylev 9, 6150 ØRSTA, tlf. 909 21 293 / 700 66 866 e-post: terje.kjode@tussa.com eller Sunnmøre Mållag si facebookside eller på heimesida til Sunnmøre Mållag.

Påmeldingsfrist: Så fort som råd, og seinast fredag 5. oktober.

Program for Sunnmørsseminaret
Laurdag 3. november
1130-1200: Innsig og kaffi/te
1200-1900: Fagleg/målpolitisk program med innlagd lunsj.

12.00 Me gjer oss betre kjende med kvarandre. Opning, registrering og bli-kjend-runde.
Kunnskaps- og motivasjonsdel. Argumentasjon for nynorsk. Vilkåra for norsk målreising i dag og framover.Ved ved Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, styreleiar i Språkrådet, og mellom anna tidlegare redaktør i Syn og Segn. Forfattar av ei rad bøker, mellom anna Viljen til språk.
Arbeidsoppgåver, spørsmål og debatt. Pause.

Argumentasjonstrening. Øving i å skrive innlegg.
ved Kjetil Tandstad, mangeårig journalist i Sunnmørsposten, redaktør i Dag og Tid og forfattar av fleire bøker. Pause.

«Gjennom ord blir verda stor». Korleis gjer me det når me vitjar ein barnehage og/eller har møte med anten personalet i ein barnehage eller den ansvarlege i kommuneadministrasjonen? Korleis kan me nå foreldra?
Ved Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag med røynsle frå eit utal barnehagevitjingar. Pause.

Språkåret 2013. Idebyte om korleis me kan lage spektakulære lokale tilskipingar og korleis med kan bruke året til organisasjonsbygging.
Ved Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag og styremedlem i Noregs Mållag

20.00 Middag med kveldssete og lett underhaldning


Sundag 4. november
Frukost
09.30 Vurdering, oppsummering og vidare arbeid i lokal- og fylkeslaga
10.30 Tur til Flø og synsjåing i Ulsteinvik.
12.00 Lunsj og vel heim.

Meld deg på og vel møtt!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no