Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget nøgd med namn på oljefelt

 (10.09.2012)

– Dette var eit godt val av Olje- og energidepartementet, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Olje- og energidepartementet har i dag gitt olje- og gassfunnet Draupne i den midtre delen av Nordsjøen namnet Ivar Aasen.
– Aasen sette varige spor etter seg, og det er flott at han blir heidra på denne måten. Neste år er det 200 år sidan Aasen vart fødd, og det er utgangspunktet for å gjere 2013 til eit nasjonalt språkår. At Olje- og energidepartementet har valt å kalle feltet opp etter Aasen, må sjåast på som eit lite vink til feiringa neste år. Det er me veldig glade for, seier Håvard B. Øvregård. Namnet vert fastsett etter framlegg frå operatøren Det norske oljeselskap ASA.

– Samstundes vil me rose operatøren Det norske som kom med framlegget til namnet. Også oljenæringa forstår at Ivar Aasen er ei god merkevare å knyte seg til, seier Håvard B. Øvregård.

Les meir på Ole- og energidepartementet si heimeside.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no