Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil uthole mållova

 (17.09.2012)

Programkomiteen til Høgre går inn for at tilsette i staten skal sjølv få velje kva språk dei skal skrive brev til innbyggjarane. Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, er kritisk til framlegget frå Høgre.

– Systemet i dag er tungvint. Eg synest at me i større grad skal respektera val av språkform, at me lærer å lesa og forstå kvarandre sine målformer, i staden for å tvinga andre til å skriva den målforma me har vald, seier leiar i programkomiteen i Høgre, Bent Høie, til NRK.

Leiaren for Akademikerne, Knut Aarbakke, seier til statskanalen at han ikkje opplever målbrukslova som eit problem for byråkratane i staten.

– Me har nynorsk og bokmål som to nasjonale språkformer her i landet. Det at staten nyttar begge to er heilt avgjerande for at nynorsk og bokmål blir oppretthaldne som nasjonale språk, seier Håvard B. Øvregård til NRK.

Håvard B. Øvregård starta dagen med å kritisere Høgre sitt programutkast på politisk kvarter med Bent Høie.
– Statleg tilsette bør kunne skrive både nynorsk og bokmål, betre språk vert det også av det, seier Håvard B. Øvregård.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no