Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eit alvorleg åtak på jamstillinga mellom nynorsk og bokmål

 (18.09.2012)

– Mållova og sidemålsopplæringa er to berebjelkar for norsk språk generelt, og for jamstillinga mellom nynorsk og bokmål spesielt. Når Høgre sitt framlegg til Stortingsvalprogram vil fjerne begge desse berebjelkane, er det eit alvorleg åtak på jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

I programutkastet til Høgre er det både framlegg om å fjernesidemålsopplæringa i ungdomsskulen og vidaregåande skule, og dei gårinn for ei kraftig svekking av mållova.

– Det er oppsiktsvekkjande at Høgre vil svekkje norsk språk i offentleg forvaltning, fjerne nynorskbrukarane sine språklege rettar og gjere nynorsken mindre synleg i ålmenta, seier Håvard B. Øvregård.

Staten Noreg har eit offisielt ansvar for begge dei to jamstilte norske skriftspråka bokmål og nynorsk. Ein del av dette ansvaret er at begge skriftspråka skal vere ein naturleg del av statsforvaltninga. Framlegget frå programnemnda til Høgre seier at dei ikkje er viljuge til å ta det ansvaret.

– Skal nynorsk og bokmål kunne nyttast på alle samfunnsområde, må både fleirtalspråkbrukarar og mindretalspråkbrukarar meistre begge språka. Ei svekking av sidemålsordninga i skulen er ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar. Ei svekking av forventninga til statleg tilsette om å meistre begge språka er også ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar.

Mållova er eit praktisk verktøy for å handtere to skriftspråk i Noreg. Lova gjev alle innbyggjarar i landet rett til å sjå språket sitt att i den statlege informasjonen. Staten skal tene alle innbyggjarar i landet, og det er ikkje personlege preferansar hjå dei tilsette i staten som skal bestemme korleis Staten utrykkjer seg.

– Høgre burde vere oppteke av å sikre den enkelte innbyggjar språkleg fridom og rettar. Det er trist om eit parti som tradisjonelt har vore oppteke av kunnskap og språkmedvit, skal verte den største trusselen mot norsk språk, seier Håvard B. Øvregård.

Han er glad for at det no kjem eit opprør i partiet. Mellom dei som har gått ut mot programkomiteen sitt framlegg er sentralstyremedlem Arne Hjeltnes, ordførar i Stord kommune og leiar i Hordaland Høgre Liv Kari Eskeland, ordførar i Aurland Noralv Distad, ordførar i Haram kommune Bjørn Sandnes,ordførar i Førde kommune Olve Grotle, og varaordførar i Volda kommune Eivind Nævdal-Bolstad.

For meir informasjon: Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157


Her er dei aktuelle setningane frå Høgre sitt utkast til program:
> Bruke tekster både på bokmål og nynorsk i norskfaget. Innføre valgfritt skriftlig sidemål i ungdomsskolen og i den videregående skolen.

> Bygge opp under begge målformene som hovedmål. Dagens rett til å få svar på egen målform, erstattes med en rett for ansatte i staten og språknøytrale kommuner til å bruke sin egen målform.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no