Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt nynorskframlegg frå Arbeiderpartiet

 (19.09.2012)

I dag presenterer Trond Giske eit framlegg frå ei arbeidsgruppe om ”Kunnskapssamfunnet” for landsstyret i Arbeiderpartiet. Han gjer framlegg om at det skal vere ein felles karakter i norsk, og ikkje eigen sidemålseksamen.

Trond Giske var i debatt med Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum, på NRK Kulturnytt onsdag morgon, i følgje framtida.no
– Vi meiner det er hensiktsmessig å ta dei to skriftspråka våre under eitt. At elevane skal ha begge skriftspråk i pensum meiner vi er heilt openbert, det er ein naturleg del av pensum, ein sjølvsagt kunnskap for alle elevar, seier Trond Giske til Kulturnytt onsdag morgon.

Trond Giske meiner endringsforslaget vil føre til ei større forståing for dei to skriftspråka, mindre antipati og ei meir positiv haldning til faget.
– Vi får vere så ærleg å seie at mange elevar ser på nynorske som ei plage, og det er veldig uheldig. Vi bør heller framelske nynorsken og få ei positiv haldning til at Noreg har ein rik språktradisjon, seier Trond Giske.

– Eg fryktar resultatet, i ein skule som er veldig karakter- og eksamensstyrt. Vi får den situasjonen at kvart minste kurs i spansk eller mandarin vil bli dokumentert, men den kompetansen ein har i dei to ulike norske språka, den blir skjult. Dermed mistar elevane som har nynorsk som hovudmål den einaste konkurransefordelen dei har, nemleg at dei er nesten like gode i sidemål som hovudmål. Ein bør synleggjere på eksamensvitnemålet at ein har kompetanse i begge språka, meiner Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum.

Betre sidemålsopplæring
Dette er ny språkpolitikk frå Arbeidarpartiet og Trond Giske. Då han var kulturminister la han fram den mest ambisiøse stortingsmeldinga om språkpolitikk som nokon gong har vore laga St.meld. nr. 35 (2007-2008): Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Denne språkmeldinga synte fram ein heilskapleg språkpolitikk med målretta satsing på nynorsk og auka respekt for det fleirspråklege Noreg som to sider av same sak.

– Noregs Mållag er gjerne med å tenkje nytt for å gjere sidemålsopplæringa betre. Men løysinga som her er skissert er ikkje er beste måten å sikre at elevane lærer mindretalsspråket nynorsk. Kvifor ikkje starte med ordningar vi veit fungerer godt. Eit døme er tidleg start med sidemål, det vil seie nynorsk for bokmålselevane. Elevane får betre haldningar, og elevane lærer nynorsk, seier Janne Nygård, nestleiar i Noregs Mållag.

– Også forsøk med å bruke nynorske lærebøker i andre fag enn i norskfaget, har vore med å betre haldningane til sidemål. Og elevane har blitt betre, og fått meir trening i å skrive nynorsk. Dette er forsøk som er gjennomførde og som vi veit fungerer.

– Slik situasjonen er i skulen i dag, er det viktig med ei eiga vurdering også i sidemål, slik både Sogn og Fjordane Ap og Møre og Romsdal Ap har gjort vedtak om. Dette fordi karakterar ofte er undervisningsstyrande.

Ho legg vekt på at i 2008 vart gjennomførd felles eksamensdag med nynorsk og bokmål på same dag i ungdomsskulen. Og dette møtte sterke protestar både frå lærarar og elevar, og vart avslutta etter eitt år. Erfaringane var at elevane rett og slett er for lite trena til å bytte mellom dei to målformene på same dag.

– Vi trur at det viktig å ta i bruk tiltak vi veit fungerer, og ikkje bruke tid på tiltak som allereie er prøvd ut, seier Janne Nygård.

Grunngjevinga for sidemålsopplæringa er todelt
– Nynorskbrukarane er, til liks med fleire andre mindretalsspråk rundt om i verda, avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukarane for å kunne nytte språket sitt. Sidemålsundervisning er heller ikkje uvanleg i andre språkkløyvde område. Meistrar fleirtalsspråkbrukarane det mindre brukte språket så vil mindretalsspråkbrukaren kunne bruke språket sitt over alt. Ei svekking av sidemålsordninga er ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar. Difor er den totale situasjonen til nynorsken nært knytt til opplæring i nynorsk for elevar i bokmålsområde.

I Språkmelding sto det: ”Eit alminneleg krav om kunnskap og kompetanse i begge målformer er eit instrument for å leggja til rette for at også nynorskbrukarane som eit mindretal i folket skal få dei språklege rettane sine innfridde, og for at nynorsk skal vera godt synleg som bruksspråk på så mange språkbruksarenaer som råd er.”

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no