Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Feiring av nye kontorlokale

 (20.09.2012)

I går var det ei uformell markering av at Noregs Mållag har flytta inn i nye lokale. Det var tapas og kake, kåseri ved Olaf Allmenningen og topp underhaldning ved Egil Olsen frå Ørsta.

Egil Olsen med band. (Foto: Hege Lothe)


I sommar flytta Noregs Mållag inn i nye kontorlokale i Lilletorget 1. Grunnen til flyttinga var at leigekontrakten på dei gamle kontora i Schweigaardsgate gjekk ut i sommar, og skrivar- stova var nøydd til å finna ein ny stad å halda til. Dei tilsette kan no gle seg over større og meir funksjonelle lokale på Lilletorget, like ved Oslo Spektrum.

Betre plass
– Me hadde nok ikkje flytta om ikkje den førre kontrakten gjekk ut, seier dagleg leiar Gro Mor- ken Endresen.
– Det var ikkje særleg fine lokale, men svært rimelege. Difor kunne me leva med at dei ikkje var perfekte. Det var akkurat litt for lite, og det var særleg mangel på lagerplass. Dei tilsette måtte difor ha lager og arkiv inne på kontora sine, og i tillegg måtte me ha noko på eit fjernlager. Det slepp me her, seier Endresen.
Dei nye lokala er større, og har rom for både kontorutstyr, arkiv og ymse tilfang. I tillegg er alle veggene måla og nye møtebord er kjøpte inn. Skrivarstova har gjort det aller meste av arbeidet sjølv.


Håvard B. Øvregård opna dei ny kontorlokala. (Foto: Hege Lothe)


– Flyttelasset var eit godt høve til å kvitta seg med mykje som berre har blitt ståande. Eg trur me kasta 20 kubikkmeter med avfall. Sjølv om desse lokala også er mellombelse, så ville me gjera det triveleg her. Det er viktig for oss som arbeider her, men ikkje minst for dei som vitjar oss. Me er skrivarstova til ein stor nasjonal organisasjon, og det tykkjer eg dei nye lokala syner.

Skikkeleg møterom
Det som gler Endresen mest er likevel det store møterommet.
– For fyrste gong har me lokale som kan ta imot over tretti møtedeltakarar. Det vil seia at me kan husa t.d. eit landsrådsmøte. Det sparar oss for kostnaden med å leiga møtelokale andre stader. Vel så viktig er at me kan ha møte heime hjå oss sjølve, og at me kan invitera andre til å ha møte hjå oss. På den måten blir desse kontora meir ein møtestad enn dei gamle var.
– Er det ikkje snart på tide å kjøpa seg eigne lokale?
– Det er det sjølvsagt. Det har vel vore ein draum i mange år, men det har ikkje lukkast enno. Det har vore tett på nokre gonger, men det blir ikkje akkurat rimelegare å kjøpa eigendomar i Oslo. Men me får sjå. Eg håpar i alle fall at om eg skal vera med på flytting med Mållaget fleire gonger, så er det til kontor som me eig sjølv.


(Foto: Hege Lothe)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no