Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsprisen 2012 til Knut Magnus Berge

 (20.09.2012)

Kringkastingsprisen for godt språk og framifrå bruk av nynorsk eller dialekt i radio eller fjernsyn blei tildelt Knut Magnus Berge i NRK Nyhende.

– Ærefullt å motta kringkastingsprisen, seier Knut Magnus Berge. (Foto: NRK)


Juryen skriv i grunngjevinga at Berge har utmerkt seg med eit tydeleg, men levande språk som folk forstår både skriftleg og munnleg. Jamvel om vinnaren ikkje nyttar ei fullt ut normalisert tale i eteren, har fleire nominert han med den grunngjevinga at han brukar eit godt og konsekvent nynorsk. Juryen meiner han framstår som ein framifrå ambassadør for nynorsk som etermediespråk.

– Knut Magnus Berge kommuniserer godt og naturleg, og det er lett å følgje kommentarane hans, samstundes som han framstår med ei tyngde som sømmer seg sakene han kommenterer, seier Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen, under tildelinga av prisen. – Det er ei ære å gje prisen til ein som klarer å gå denne vanskelege balansegangen, held han fram.

– Det er ærefullt å motta kringkastingsprisen, seier Knut Magnus Berge. – For meg handlar det om å formidla ein bodskap, og eg tolkar det at eg får denne prisen som eit prov på at eg har klart å formidla bodskapen på ein god måte.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no