Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Evaluering av forsøk

 (27.09.2012)

Nordlandsforsking har evaluert "forsøka" på Kongsbakken vgs i Tromsø og Fana gymnas med éin karakter i norsk i Vg1 og Vg2. Rapporten byggjer heilt ut på sjølvrapportering av dei involverte lærarane og elevane.

- Her er inga kontrollgruppe, inga gransking av elevane sine haldningar og skrivedugleikar før og etter, ingen kjeldekritikk og inga vurdering av kva det har å seie at elevane gjennom dei to forsøksåra har visst at dei skulle få separat karakter i sidemål i Vg3, seier Oddmund Hoel, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Oddmund Hoel har blitt intervjua av NRK Her og Nå i dag.

Universitetet i Bergen og jamvel NIFU STEP sa nei til å gjere evalueringa fordi dei meinte det var fagleg uforsvarleg, men Nordlandsforsking har likevel takka ja til oppdraget.


Utdanningsdirektoratet har lagt ut rapporten.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no