Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skuffa over Utdanningsdirektoratet

 (04.10.2012)

– Noregs Mållag er skuffa over at Utdanningsdirektoratet føreslår å fjerne eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen. Karakterar er i praksis styrande for undervisninga, og elevar i ungdomsskulen treng betre - ikkje mindre - sidemålsundervisning, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

Utdanningsdirektoratet sende i går sitt framlegg til høyring om revidert læreplan i norsk til Kunnskapsdepartementet. Utdanningsdirektoratet føreslår tre ulike alternativ for vurdering (standpunkt- og eksamenkarakter) i norskfaget, der alle tek bort eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen.

– Jamstilling mellom nynorsk og bokmål ligg til grunn for norsk språkpolitikk. Denne jamstillinga er i praksis avhengig av at alle får opplæring i begge språka. Karakterar er undervisningsstyrande, og eigen karakter i skriftleg sidemål er garantien for at sidemål ikkje vert nedprioritert i norskfaget. Utdanningsdirektoratet sitt framlegg er i strid med regjeringa sin eigne vedtekne språkpolitikk og svekkjer sidemålsopplæringa, seier Håvard B. Øvregård.

Då Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vitja Noregs Mållag sitt landsmøte i april i år, gav ho klar melding om at ho ville styrkje nynorsk både som hovudmål og sidemål. Noregs Mållag sitt standpunkt er at sidemålskompetansen bør dokumenterast i eigen karakter både i ungdomsskule og vidaregåande skule.

- Vi forventar at Kunnskapsministeren held lovnaden om å styrkje nynorsk både som hovudmål og sidemål. Då må elevane i ungdomsskule og vidaregåande skule framleis få ein eigen karakter i sidemålet, helst både som standpunktkarakter og obligatorisk eksamen, seier Håvard B. Øvregård.

Utdanningsdirektoratet presenterer i sitt brev tre alternativ til vurdering i norskfaget. Alle tre alternativa er ei svekking av skriftleg sidemål sin status i skulen. To av alternativa har ikkje eigen obligatorisk eksamens- eller standpunktkarakter i sidemål. Det tredje alternativet har obligatorisk eksamen i sidemål i andre klasse (Vg2) på studieførebuande utdanningsprogram.

Utdanningsdirektoratet sitt høyringsnotat: http://www.udir.no/Lareplaner/Forsok-og-pagaende-arbeid/Gjennomgang-av-fem-fag/

For meir informasjon: Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157
Pressebilete: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no