Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkåret er eit lyspunkt i eit tamt nynorskbudsjett

 (08.10.2012)


Noregs Mållag er godt nøgd med at staten tek økonomisk ansvar for ei solid markering av Språkåret 2013, med tilskot på 6,5 millionar kroner. Språkåret er ei nasjonal feiring av språkmangfaldet i Noreg, samstundes som det markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd.

– No ligg alt til rette for ei anstendig feiring av både eldre og nyare delar av det norske språkmangfaldet, og det er eit godt høve til å setja søkjelys på språkpolitiske spørsmål, seier Håvard B. Øvregård.

Øvregård er ikkje like nøgd med tilskotet for 2013 til andre nynorskinstitusjonar.
– Norsk Ordbok, Det Norske Teatret, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk Pressekontor driv viktige prosjekt som er knytte til jubilea i 2013 og 2014 eller som er viktige for å nå sentrale mål i den statlege språkpolitikken. Eit samla lyft på mange felt ville ha vore det optimale for å nå dei ambisiøse måla. Særleg uheldig er det at støtta til Norsk Ordbok sviktar i innspurten. Etter ei tung satsing over fleire år for å koma i hamn til grunnlovsjubileet, er det uforståeleg at Kulturdepartementet no spenner bein under framdrifta for å spara ein halv million, seier Øvregård.

Fleire lokale tiltak
I budsjettet er det ei tydeleg styrking av prosjektmidlar til tiltak som bidreg til å nå måla i grunnopplæringa, og midlane skal gå til frivillige organisasjonar.
– Vi vonar dei velutvikla planane våre for å styrkja lesing av nynorsk litteratur i grunnskulen og arbeidet vårt for å hindra målbyte frå nynorsk til bokmål er to viktige prosjekt som kan få støtte her, seier Øvregård.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no