Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Spennande ordskifte på Haustseminaret

 (10.10.2012)

Det vert fin deltaking og vi trur det vert gode og viktige debattar på haustseminaret på Lillehammer til helga. Det er no klart at statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Elisabet Dahle, kjem for å drøfte sidemålsordninga.

Ho vil møte Aksel Hagen (SV), Helga Hjetland, (Noregs Mållag), Guri Melby (V), Anne Tingelstad Wøien (Sp), Elisabeth Aspaker (H) og Hanne Blåfjelldal (FrP) til debatt.

Eit sentralt spørsmål er: Kva slags sidemålsordning treng nynorsken? Dei skal drøfte saka utifrå framlegga som har kome til endring frå Utdanningsdirektoratet, og som Kunnskapsdepartementet og regjeringa skal ha på høyring denne vinteren.

Målbyte
For nynorsken er det også viktig korleis nynorskelevane vert møtt i skulen. Målstreken er eit større målbyteprosjekt ii Valdres. Karen Marie Kvåle Garthus, prosjektleiar, skal oppsummere Målstreken-prosjektet og skal svare på spørsmåla: Kvifor byter elevane frå nynorsk til bokmål? Kva kan gjerast?

Deretter er emnet Språkpolitiske perspektiv på målbyteproblematikken ved Eli Bjørhusdal, doktorgradstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Medan Gudrun Kløve Juuhl og Margit Ims har fått i oppdag å svare på spørsmålet: Kva slags sidemålsordning treng nynorsken? Der dei to kvar på sin kant som forskar og lærar utgangspunkt for å gje svar på dette spørsmålet.

Les heile programmet til haustseminaret her. Det er mogleg å melde seg på, sjølv om det er meir usikkert om ein får overnatting.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no