Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kvifor nynorsk? Kvifor Noregs Mållag?

 (14.10.2012)

Gro Morken Endresen held innleiing på haustseminaret i Noregs Mållag der ho vart utfordra til å svare på spørsmålet: Kvifor nynorsk? Kvifor Noregs Mållag?

Ho opna med å sitere Jon Fosse frå 1999:
”Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det. ... Eg kan ikkje fordra å argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der å kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis kan ein argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.”

– Diskusjonar om nynorsk har gjerne to hovudinnretningar, seier Gro Morken Endresen.
– Den ideologiske argumentasjonen, der det grunnleggjande spørsmålet er nettopp Kvifor nynorsk? og alternativet er at nynorsk ikkje finst fordi motstandaren din meiner det er nok med eitt språk og at det språket bør vera bokmål.

– Den pragmatiske argumentasjonen der det ligg ein føresetnad i botnen om at vi skal ha nynorsk og bokmål. Korleis argumenterer vi då for dei nynorskrettane vi er opptekne av å halda oppe (og styrkja)?

– Nynorsk tek opp i seg mest av talemålet i Noreg. Dersom ein fyrst skal velja eit skriftspråk for landet vårt, og tenkjer at vi berre skal ha eitt – er nynorsk det mest demokratisk oppbygde. Mest alle kan finna mykje å kjenna seg att i i nynorsken. Dei som meiner det eine språket bør vera bokmål, har som regel to argument og ingen fleire i bakhand: fleirtalet brukar det, og det er lettast.

Ho la vekt på fleire argument og snakka mellom anna argument knytt til språkmangfald.
– Nynorsken er vårt mest særmerkte tilskot til språkmangfaldet i verda. Argumentasjonen er gammal, men blir eigentleg betre og betre til meir mangfaldig landet vårt blir: Skal kvar og ein av oss greia å forstå, respektera og leva greitt side om side med folk med heilt andre språk, skikkar og levemåtar, må vi kjenna vårt eige godt – så ikkje vi blir utrygge av ”påverknaden” utanfrå.

– Til betre ein forstår og respekterer sin eigen kultur, til meir forstår ein kvifor andre held på det dei har med seg frå tidlegare generasjonar. Og i dette perspektivet er det altså nynorsken som fører dei lange linjene i den norske kulturen, og som står for det særmerkt norske. Litt tabloid kan ein seia at der hovudstadsfiffen bygde opp eit dansk-norsk skriftspråk på det som fall saman med dansk, bygde Aasen opp nynorsk på det som skilde seg ut.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no