Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kva slags sidemålsordning treng nynorsken?

 (17.10.2012)

Nynorsk er ein sentral del av den fellesnorske skriftkulturen, og slik ‘litt mitt’ for alle som bur i Noreg og såleis noko skulen har som oppgåve å føra elevane inn i. Samstundes er nynorsk eit mindre brukt (skrift)språk i Noreg, og som det, kan me læra noko av stoda for andre mindre brukte språk. Dette finst det ei omfattande forsking på. For ei innføring, les Brit Mæhlum: Konfrontasjoner.

Eit viktig vilkår for mindre brukte språk i eit samfunn, er i kva grad dei som ikkje har det som fyrstespråket sitt meistrar det – som lyttespråk og talespråk, lesespråk og skrivespråk (REF Mæhlum). Altså, kor greitt det går å vera nynorsking, kjem i stor grad an på i kva grad dei som har bokmål som fyrstespråk meistrar nynorsk og brukar det i skriftleg kommunikasjon med nynorskbrukarar.

I den offisielle norske språkpolitikken let me ikkje det vera opp til kvar einskild bokmålsbrukar, me har sett det i system, fyrst og fremst gjennom desse institusjonane:

Skulen og staten: er du lærar, skal du kunna læra både bokmåls- og nynorskelevar fyrstespråket deira. Staten skal svara på brev i det skriftspråket han får.

«Det lokale offentlege»: I nynorskkommunar og –fylkeskommunar skal alt offentleg: lækjarar, plankontor, brannstasjon, barnehagar, barnevern, skule, alle kommunale ting i utgangspunktet bruka nynorsk.

For at dette systemet – denne statlege organiseringa av at me har to offisielle skriftspråk som i prinsippet finst i heile landet, skal fungera, må basisen vera at alle som kan tenkjast å ha slike oppgåver, til ein viss grad er tospråklege. Det vil sånn cirka seia alle dei som tek studiespesialisering + nokre til. Dei treng ikkje vera tospråklege i hjarta, men dei må kunna vera profesjonelt tospråklege på jobb. Det er den eine grunnen til at me har sidemålsordninga.

Så, ja, det er skulen si oppgåve å læra framtidige skriftbrukarar nynorsk, anten dei har valt det som hovudmål eller sidemål.

Dei som har nynorsk som hovudmål lærer ofte sidemålet sitt uavhengig av kor mykje undervisning dei får, av di dei er omgjevne av bokmål i kvardagen/medieverda. Og mange nynorskelevar har knapt sidemål på skulen, og det går som oftast heilt greitt. Så sjølve undervisninga i sidemål er ikkje så viktig for nynorskelevane; det som er viktig for nynorskelevane når det gjeld sidemålsundervisning, er at bokmålselevane lærer nynorsk.

Så er spørsmålet: Korleis kan skulen best sikra at alle som går ut av skulen, kan nynorsk godt nok til at dette fungerer?

Då treng me dokumentasjon. Det har Nynorsksenteret spelt inn til læreplanarbeidet. Samfunnet treng å vita at dei som går ut av vgs studiespesialisering kan nynorsk (og om dei ikkje kan det). Eg meiner at det må stå ein eigen karakter i sidemål på vitnemålet. Skulen treng å vita frå læreplanar og staten kva dei skal bruka tid på å læra elevane: dersom det ikkje lenger skal vera nokon eigen karakter i sidemål, ser lærarar og elevar at staten vurderer nynorsk som mindre viktig, og det er god sjangs for at dei brukar mindre tid på det – utanom dei lærarane og elevane som er spesielt engasjerte.

Men karakterar er ikkje ein reiskap for læring, det er ei ramme rundt læringa, som signaliserer kva samfunnet meiner det er viktig å læra seg, og såleis er med på å styra prioriteringane til lærarar og elevar.

Innanfor dei karakterrammene og læreplanrammene som ligg der i dag vert det i dag drive mykje forsøksverksemd rundt om i samarbeid med Nynorsksenteret og på eigne initiativ, som kan seia noko om kva slags sidemålsopplæring som kan vera med på å gje elevane moglegheiter til å læra nynorsk godt nok, som forsøk med tidleg start med sidemål, forsøk med lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk, mappeskriving på berre nynorsk i eit halvt år (lærarutd), å bruka nynorsk i eit norskfagleg emne som reklame på vgs…

Desse forsøka utgjer gode innspel til undervisninga i nynorsk som sidemål ålment:

 Elevane vert eksponerte for meir nynorsk enn før
 Elevane får oppdaga nynorsk som eit bruksspråk i Noreg i dag
 Elevane får mengdetrening i å skriva på nynorsk – for å få innsikt i ein skriftkultur må ein prøva å skriva i han sjølv

Altså: Nynorsken har bruk for at bokmålsbrukarar er profesjonelt tospråklege, difor treng me dokumentasjon på nynorskkompetanse i form av ein karakter på vitnemålet. Og innanfor desse rammene kan svært mykje gjerast og vert svært mykje gjort i skulen. Stikkordet her er systematisering og ålmenngjering av gode opplegg.

Innlegg av Gudrun Kløve Juuhl på Haustseminaret på Lillehammer, 13.-14. oktober 2012.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no