Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektprisen til Harald Rønneberg

 (19.10.2012)

Norsk Målungdom deler ut Dialektprisen 2012 til TV-personlegdomen Harald Rønneberg.

(Foto: TV2)


– Harald Rønneberg har gjennom ei årrekkje vore ein stødig og positiv ambassadør for haldensmålet i det offentlege rommet, og eit godt språkleg føredøme for ungdom, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Hevar statusen
Dialektprisen blir delt ut éin gong i året, og går til offentlege personar som har utmerkt seg med god og genuin bruk av dialekt. Sture framhevar at Rønneberg bruker ein dialekt som ikkje så mange andre viser fram på TV.
– I Noreg har dialektar generelt høg status, men særleg på Austlandet blir enkelte dialektar sett meir ned på. Talemålet i hovudstaden har til dømes mykje høgare status enn dialektane i områda rundt. Østfoldingen Harald Rønnebergs konsekvente og sjølvsikre dialektbruk er med på å motverke denne ulikskapen, forklarer Sture, som overrekkjer prisen under Norsk Målungdoms haustkonferanse i Drammen.

Folkekjær prisvinnar
Harald Rønneberg (f. 1973) er frå Halden i Østfold, og har vore programleiar på TV2 i nærare ti år – fyrst i Idol, deretter for Senkveld. Rønneberg har tidlegare vunne fleire Gullruten-prisar, og er no den fyrste østfoldingen som blir tildelt Dialektprisen.

Prestisjetungt
Dialektprisen har blitt delt ut årleg sidan 2001. Prisen har opparbeidd seg status som ein av dei mest prestisjetunge språkprisane i Noreg – kanskje særleg fordi prisen blir vedteken gjennom ein demokratisk prosess av språkengasjerte ungdomar. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Ravi, Ingrid Bolsø Berdal, Eli Kari Gjengedal og Lars Vaular.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no