Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

AUF vil ha eigen karakter i sidemål

 (22.10.2012)

I helga vedtok landsmøtet i AUF med stort fleirtal at dei ynskjer eigen karakter i sidemål. Etter vedtaket braut det ut ståande applaus i landsmøtesalen.

- Vi er svært glade for vedtaket i AUF. Ein eigen karakter er avgjerande for å unngå svekking av sidemålsopplæringa, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

- Med dette vedtaket sender AUF eit sterkt signal til Arbeiderpartiet om at ungdomen ynskjer å styrkje nynorsken både som hovudmål og sidemål, ikkje svekkje faget ved å slå saman karakterar, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

AUF viser mellom anna til korleis karakterar styrer undervisninga og at dersom karakteren i sidemål fell bort, vil det svært sannsynleg føre til mindre og dårlegare sidemålsundervisning. Dei er også tydelege på at dei ynskjer meir tid til grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter i begge målformer, og tidlegare start med sidemål.

AUF har med dette snudd i synet på eigen karakter i sidemål. Dei har før meint at sidemål skulle vere ein integrert del av norskfaget, men at eigen eksamen/tentamen og karakter i sidemålet burde avskaffast.

- Landsmøtevedtaket er også eit viktig signal til Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med norskfaget. Om ikkje lenge vert det sendt ut høyringsframlegg om revidert læreplan i norsk, der vurderingsformene er sentrale. Vi vonar Kristin Halvorsen lyttar til AUF og held fast på eigen karakter i sidemålet, seier Håvard B. Øvregård.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157
Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, 924 16 527

Slik ser vedtaket ut i heilskap:

"3.6 Sidemål
Norge har to målformer, og begge er en viktig del av den norske kulturarven og må tas vare på. Sidemålsundervisningen bør gjennomgås for å se hvordan den kan styrkes, spesielt med tanke på å bedre elevenes holdninger til sidemål. Gjennom lesing vil elevene få større språkforståelse. Større deler av pensum og litteraturen i norskfaget bør være på sidemål, og det bør brukes ny litteratur i større grad. Det er dessuten nødvendig å gjennomgå læreplanen for å frigjøre mer tid til det viktigste i norskfaget, nemlig grunnleggende lese- og skriveferdigheter i begge målformer.

Sidemål må fortsatt være en integrert del av norskfaget. AUF vil at elever i skolen fremdeles skal vurderes med egen karakter i norsk sidemål, og at sidemål opprettholdes som trekkfag til eksamen i videregående. Sidemålsundervisningen skal komme tidligere inn i grunnskolen."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no