Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framlegg til kandidatar

 (23.10.2012)

Juryen for Nynorsk næringslivspris 2013 inviterer laga og andre til å koma med grunngjevne framlegg til kandidatar som fortener denne prisen.

I statuttane for Nynorsk næringslivspris heiter det:
§ 1 Generelt
Noregs Mållags pris/utmerking for nynorsk i næringslivet er oppretta i styrevedtak 21. oktober 2005. Styret vedtok å dela ut utmerkinga første gong i 2006. Noregs Mållag vil knytte eksterne samarbeidspartnarar til prisen og arbeidet med denne.

§ 2 Føremål
Utmerkinga skal fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd.

§ 3 Om kven som kan få prisen/utmerkinga
Alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av Mållova kan motta prisen/utmerkinga.

***
Desse har tidlegare fått prisen:
Lerum (2006)
Hotell Alexandra (2007)
Kari Traa AS (2008)
Ægir bryggeri (2011)

Her kan du lese meir om Nynorsk næringslivspris.

Send framlegg til:
Noregs Mållag,
Lilletorget 1
0184 OSLO
eller på e-post til gro.morken@nm.no eller til sveinung@liberal.no.

Frist for innsending av framlegg: 15. desember 2012


På vegne av juryen, 18. oktober 2012
Sveinung Rotevatn, juryleiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no