Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tospråk og danning

 (30.10.2012)

På Nynorsksenteret og Språkrådet sin konferanse ”tospråk og danning” torsdag 25. oktober tok ein opp ulike sider ved norskfaget som no skal reviderast. Under finn de ei kort oppsummering av Gunnar Skirbekk sitt innlegg om norskfaget og Ingrid Metliaas og Eli Bjørhusdal sine kommentarar til det. Nynorsksenteret vil leggje ut tekstane på sine nettsider.


Gunnar Skirbekk – Norskfaget i dag: framlegg til revidert læreplan
Gunnar Skirbekk sitt utgangspunkt er at norskfaget er i krise. Korleis skal det definerast og kva er poenget? Kvar dreg ein lina mellom norskfaget og andre fag? Problemet ligg i den uklare definisjonen av faget. Både innetter og i høve til andre fag.

Skirbekk meiner framlegget prioriterer estetikk, men spør seg kor mange som treng lære å skrive skjønlitterært. Det er saklege tekstar ein treng, det bør ikkje vere eit krav at ein skal kunne skrive skjønlitterært. Han argumenterer òg for at me kvir oss for å leggje vekt på det nasjonale. Som moderne menneske bør me vere globalt orienterte.Vidare kritiserer Skirbekk at retorikken har fått så stor plass i norskfaget. Han meiner skiljet mellom retorikk og argumentasjon tilslører. Peikar på at Utdanningsdirektoratet omtalar dei to norske språka på ein slik måte at dei tilslørar at det er snakk om to språk.

Skirbekk argumenterer for at lærarane må få betre arbeidsvilkår, mellom anna eit moderat krav om 20 % reduksjon i talet timar/elevar/klassar for full stilling. Han argumenterer òg for eit alternativt framlegg for evaluering og eksamen: Eksamensdagane for norskfaget bør leggjast før påske i vg3: to skriftlege dagar, ein i sidemål og ein i hovudmål, i tillegg til trekkeksamen for munnleg prøving i resten av faget ved slutten av året. Skirbekk meiner eit fag utan eksamen er ikkje eit seriøst fag.

Skirbekk manar no til at dette no må verte avgjort på regjeringshald. Norskfaget er for viktig til å bli overlate til byråkratane i Udir og KD. Han lanserer nokre stikkord for politiske grep:

Skilje mellom ”minstemål” og ”ynskemål”

Innføre felles kjernestoff

Kvalitetssikre tilrådde nettstader og lærebøker

Alle bør lære nynorsk og bokmål, med separate evalueringar og karakterar.

Samordne norskfaget med samfunnsfag og historie

Kvalitetssikre lærarutdanninga

Kvalitetssikre arbeidsvilkåra for lærarane, særleg norsklærarane bør sikrast

Norskfaget bør samordnast betre med nærliggjande fag


Ingrid Metliaas, rådgjevar ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning i Trondheim og norsklærar ved Verdal videregående skole.

Kommentar til Skirbekk:
Den uklare definisjonen av norskfaget: Handlar ikkje berre om revisjonen. Eit norskfag for alle er ei stor utfordring. Stor skilnad frå den skulen ho vart uteksaminert frå og den skulen ho arbeider i no. Ho ynskjer eit nytt forum for å diskutere norskfaget. Metliaas meiner det å revidere ein læreplan er vanskelegare enn å skrive ein ny. Når det er sagt, så har nokon gjort eit viktig ryddearbeid.

Krise i norskfaget? Det er ikkje det inntrykket Metliaas sit att med når ho reiser rundt på skular. Det er ikkje noka krisestemning i alle fall, likevel er ho delvis samd. Ho meiner i det minste at der er ei stor uro over at mange ikkje lærer å skrive og lese godt nok. Det er ikkje berre norskfaget sitt ansvar, skulen må ha meir fokus på skriving og lesing. Metliaas argumenterer for at lese- og skriveferdigheiter heng nøye saman og er like viktige for å lukkast på eksamen.

Metliaas fortel at arbeidsbyrden for lærarane ikkje var eit tema i forum for norskfaget. Ho er ei av dei som er tilhengar av modell 3 i framlegget frå Udir, men avsluttande eksamen i sidemål etter vg2. Men ho er ikkje tilhengar av ulike målformuleringar i sidemål og hovudmål. – Me må ha større ambisjonar enn det, seier ho. Slik kompetansemåla er formulert i utkastet frå Udir, meiner ho det vil føre til ulik vurderingspraksis. Ho ynskjer seg skriftleg sidemålseksamen i vg2, der oppgåva er litt mindre kompleks, utan at ein senkar krava til formell kompetanse.

Ho meiner ein då kan øve på kortare tekstar og gje kortsvar på 250 ord. Siste året kan elevane skrive lengre tekstar og meir kompliserte tekstar.



Eli Bjørhusdal, høgskulelektor i norsk på Høgskulen i Sogn og Fjordane

Kommentar til Skirbekk:
Bjørhusdal meiner Skirbekk i for stor grad møter norsklærarane på deira eigen banehalvdel, og godtek premissen om at arbeidspresset i norskfaget er for stort. Ho tykkjer nok han har rørt seg inn i eit farleg landskap. Dersom ein ser det som plent umogleg for norsklærarar å halde fram å rettleie både nynorsk- og bokmålstekstar for å kunne setje karakter i båe, utan at dei får monaleg meir betalt for det, har ein i realiteten opna for reduksjon i sidemålsprøvinga. For som stoda er no, er det diverre langt meir realistisk å skjere i sidemålsordninga enn å gje norsklærarane høgare løn. Å gjere nynorsken i skulen avhengig av innsprøyting av meir ressursar til norskfaget, er dermed svært høgt spel.

Bjørhusdal argumenterer for at nynorsk og bokmål er to ulike språk. Nynorskdidaktikarane og Nynorsksenteret har støtta den offisielle lina. Ho trur dei har vore redde for ulik handsaming av dei to språka. Bjørhusdal lanserer omgrepet ”einskapstesen”, om synet på bokmål og nynorsk som to variantar av same språk. Ho argumenterer for at det no syner seg at einskapstesen ikkje sikrar at dei to språka vert handsama likt. I revisjonen av læreplanen ser ein at einskapstesen opnar for éin karakter i norsk.

- Kanskje har me lagt for lite vekt på at Noreg også de facto har to skriftspråk, seier Bjørhusdal. Ho har merka seg at dei offisielle utdanningspolitiske dokumenta og språkdokumenta seier at Noreg har to målformer eller to skriftspråk, i ytste fall to skrifttradisjonar eller skriftkulturar. Men ingen dokument, heller ikkje frå målrørsla, snakkar om to språksamfunn. Det er mykje snakk om det norske språksamfunnet, men det nynorske eller bokmålske språksamfunnet er ikkje-omgrep. Men kva med det politiske rettsperspektivet?

Bjørhusdal seier me har to språk som lever innanfor same samfunn, og som har kvar sine lokalsamfunn og kvar sine territorium bak seg. Ho meiner det er viktig at innbyggjarane har allmenn minoritetsspråkskompetanse, om det ikkje skal finnast allmenn nynorskkompetanse, så er det vanskeleg å oppretthalde dei nynorske språksamfunna.

Så, avsluttar Bjørhusdal: Dersom det å samle undervisninga i dei to språka i same norskfag skulle vise seg å vere eit trugsmål mot det minst brukte av dei to språka, får me heller reise spørsmålet om nynorsken er betre tent med å kløyve norskfaget i to, bokmål og nynorsk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no