Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Start sidemålsopplæringa tidleg!

 (31.10.2012)

Unge Venstre har nett halde landsmøte og vedteke at sidemålsopplæringa må byrje tidlegare - helst alt i 3. klasse på barneskulen.

Nestleiar i Unge Venstre, Runar Mæland, seier det slik: "Vi trur elevar får eit betre forhold til sidemålet sitt om opplæringa byrjar forsiktig og mildt tidleg i skuleløpet, ikkje brått og hardt når elevane er minst motiverte for det."

Vi kunne ikkje vere meir samde med Unge Venstre. Det er svært gledeleg at ungdomspartia er nytenkjande og prioriterer betre sidemålsopplæring. Så vel Unge Venstre som AUF har vist at det er mogleg å tenkje framoverretta for ei god og betre sidemålsopplæring. AUF vedtok for to veker sidan på sitt landsmøte at det skal vere eigen karakter i sidemål og at sidemålsopplæringa skal byrje tidlegare.

Dagens ordning, der det heiter at elevane fyrst dei to siste åra på ungdomsskulen skal lære både bokmål og nynorsk, er basert på ein gamaldags og utdatert tankegang rundt læring av dei to norske skriftspråka. I dag veit vi at ungar lærer språk betre di yngre dei er, og er i stand til å lære fleire språk samstundes.

Alle born i Noreg kan lære både nynorsk og bokmål. Den enklaste og beste metoden for å gjere det er å fylgje oppmodinga frå Unge Venstre: Lat borna få lære både bokmål og nynorsk så tidleg som råd er.

Vi helsar vedtaket frå Unge Venstre velkomen og vonar vaksenpartia fylgjer etter.

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag

***

Les meir om vedtaket i Unge Venstre her: http://www.framtida.no/articles/vil-byrja-tidlegare-med-sidemal#.UJE5EGn3tN0

Les meir om vedtaket i AUF her: http://framtida.no/articles/staande-applaus-for-sidemal#.UJE5cmn3tN1

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no