Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mange nynorsknominasjonar til Brageprisen

 (01.11.2012)

Nominasjonen til Brageprisen er klar. Heile tre av fire av dei nominerte skjønnlitterære bøkene er på nynorsk.

– Når så mange forfattarar som skriv nynorsk vert nominerte til Brageprisen så er det først og fremst fordi dei skriv godt. Men det fortel også noko om kor språkleg og litterært fattigare vi hadde vore i Noreg utan nynorsken, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Både blant vinnarane og dei som opp gjennom åra er nominerte til Brageprisen, er kvar femte bok på nynorsk. Det er mykje, for mindre enn kvar tiande bok som blir gitt ut her til lands, er skriven på nynorsk, skriv Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum i denne artikkelen frå 2004 om Brageprisen.

Nominasjon til Brageprisen 2012:
Dei tre nynorskforfattaren som er nominert for skjønnlitteratur er:
Kjartan Fløgstad, for boka Nordaustpassasjen, Gyldendal
Kjartan Hatløy, for boka Kjøkkendikt, Oktober
Lars Amund Vaage, for boka Syngja, Kolon forlag

Ein nynorskbok er nominert i klassa for beste barne- og ungdombøker:
Kari Stai, for boka Jakob og Neikon, Tjuven slår tilbake, Samlaget

Og i kategorien Åpen klasse - ungdomsbøker er ei nynorskbok nominert:

Aina Basso, for boka Inn i elden, Samlaget

Til lukke og lukke til!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no