Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Endringar i norskfaget må følgje gjeldande språkpolitikk

 (05.11.2012)

I eit brev til kulturministeren og kunnskapsministeren skriv Språkrådet at endringar i læreplan og vurdering i norskfaget bør sikre betre vilkår for nynorsk, i tråd med den vedtekne språkpolitikken. «[D]et uroar oss særleg at skriveferdigheitene i framlegget blir presiserte på ein slik måte at det kan svekkje vilkåra for å halde oppe norsk, særleg nynorsk, i alle delar av samfunnet», skriv Språkrådet om læreplanforslaga frå Utdanningsdirektoratet.

I brevet oppfordrar Språkrådet kulturministeren og kunnskapsministeren til saman å sikre at utdanningsstyresmaktene ivaretek vesentlege språkpolitiske omsyn når læreplanen i norsk no blir revidert. Utdanningsdirektoratet har kome med forslag til Kunnskapsdepartementet, som skal sende eit læreplanframlegg ut på høyring.

– Læreplanforslag vil gje svakare opplæring
«Forslaga til revidert læreplan og nye ordningar for sluttvurdering vil innebere svakare opplæring i nynorsk for bokmålselevar og i bokmål for nynorskelevar. Kva status nynorsk har i samfunnet, og kva område nynorsk blir brukt på, heng nok mellom anna saman med kva plass nynorsk får i norsk og andre fag i skulen. Vi finn det nødvendig å stille spørsmålet om dette er i samsvar med gjeldande språkpolitikk om å fremje nynorsk språkbruk spesielt», heiter det i brevet frå styreleiar Ottar Grepstad og direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet.

«Eit viktig mål for revisjonen er å forbetre opplæringa i grunnleggjande ferdigheiter. Det er eit mål vi deler, men det uroar oss særleg at skriveferdigheitene i framlegget blir presiserte på ein slik måte at det kan svekkje vilkåra for å halde oppe norsk, særleg nynorsk, i alle delar av samfunnet», skriv Grepstad og Vonen om læreplanforslaget frå Utdanningsdirektoratet.

Tilrådingar til Kunnskapsdepartementet

«Alle framlegg som blir lagde til høyring i denne saka, både for opplæring og vurdering, bør reelt sikre betre vilkår for nynorsk,» skriv Språkrådet og viser til stortingsmeldingane Mål og meining og Språk bygger broer. I brevet kjem Språkrådet med fleire råd om høyringsframlegget som Kunnskapsdepartementet skal sende ut:

- Språkrådet rår til at det vert drøfta eksplisitt kva funksjon den skriftlege opplæringa har for bruken av nynorsk i samfunnet, og kva konsekvensar eventuelle endringar i norskopplæringa kan få for norsk språk.
- Språkrådet rår til at krava til skriftleg kompetanse i nynorsk og bokmål vert presiserte som ulike, men ikkje som sterkare eller svakare krav, alt etter kva opplæringsspråk eleven har.
- Språkrådet rår til at sidestillinga av bokmål og nynorsk vert ført vidare ved at at omgrepa «sidemål» og «hovudmål» ikkje blir innarbeidde i læreplanen.
- Språkrådet rår til at departementet ber om synspunkt på framlegget om å innføre på ny eit skilje mellom «hovudmål» og «sidemål» i staden for ei uttrykt jamstilling mellom nynorsk og bokmål.
- Språkrådet rår til at den ulike situasjonen for nynorsk- og bokmålselevar vert drøfta tydelegare og meir presist.
- Språkrådet rår til at departementet inviterer til å vurdere om kompetansemåla er i samsvar med omtalen av føremåla i norskfaget, eller om der er mishøve som bør rettast opp.
- Språkrådet rår til at gjeldande ordning for sluttvurdering vert teke med i høyringsdokumentet som ein av modellane for vurdering i norskfaget.
- Språkrådet rår til at departementet vurderer om endå ein modell bør vere med, til dømes den såkalla paraplymodellen.

Last ned brevet til kulturministeren og kunnskapsministeren frå nettstaden til Språkrådet: https://www.sprakradet.no/upload/Aktuelt/Overordna%20merknader%20-revidert%20l%C3%A6replan.PDF

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no