Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

11 933 medlemer i Mållaget

 (06.11.2012)

– Mållaget har fått veldig mange nye medlemer i år. Til no i år har heile 11 933 medlemer betalt medlemspengar for 2012. Kan vi ha ein sjanse til å nå over 12 000 medlemer i år, spør Janne Nygård, nestleiar i Noregs Mållag.

Medlemstalet er medrekna det forventa medlemstalet i dei laga som betaler inn for medlemene sine samla ved årsskiftet. Alt vi vervar frå no av og ut året er rett og slett plussverving.

– Dette kan bli eit rekordår. Noregs Mållag har ikkje vore over 12 000 medlemer sidan 1992. Det året var det 12 312 medlemer i Mållaget, fortel Janne Nygård.

Hausten er ei veldig god vervetid. Frå 1. oktober kan du bli ny medlem ut 2013 for berre kr 200. Neste giro kjem ikkje før på nyåret i 2014. Med andre ord eit supertilbod!

Verv medlemer på SMS!
Den du skal verve kan sende ei tekstmelding med kodeordet NYNORSK til 2490 for å melde seg inn i Mållaget. Dei som melder seg inn på SMS betaler kr 200 over mobilrekninga, og vi får automatisk medlemspengane i det dei melder seg inn.

Verv medlemer på nettet!
Den du skal verve kan gå inn på denne nettsida og sende innmeldinga til Noregs Mållag: http://www.nm.no/innmelding.cfm

Ønskjer du å tinge flygeblad eller vervekort. Ta kontakt med medlem@nm.no eller sjå innom Krambua.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no