Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Østfoldmålprisen til Øistein Kristiansen

 (08.11.2012)

Øistein Kristiansen (t.v.) mottek Østfoldprisen frå Magne Aasbrenn (Foto: Randi Larsen)
Styret i Østfold Mållag har bestemt at Østfoldmålprisen 2012 skal gå til Øistein Kristiansen som honnør fordi han bruker Østfold-dialekta på ein utvungen, liketil og naturleg måte i Barne-TV-programma sine. Trass i at han har utvikla eit stort internasjonalt og nasjonalt publikum, nektar han å gjere kompromiss med den språklege bakgrunnen sin – og den lokale språk-fargen frå Nedre Glomma gjer at han blir ein ekstra truverdig og inspirerande teiknelærar for både unge og vaksne TV-tittarar.

I programma med ”Øisteins blyant” snakkar han dialekt utan å vere flau og utan å gjere det til eit revynummer. I dette følger han opp språktonen frå NRKs serie frå midten av 2000-talet, ”Gjengen på taket”, og bidrar til at dei vikværske målføra får sin rettmessige status som ein likeverdig variant i den norske dialektfamilien – på linje med f.eks. trønderdialekt, stavangerdialekt og bergensk.

Fra år 2000 har Øistein Kristiansen laga TV-show for barn, med program som har blitt sendt på kanalar i Asia med 330 millionar potensielle sjåarar. Jula 2007 begynte NRK å sende serien ”Øisteins blyant”, og den har bidratt til teikneglede hos norske barn heile tida etter det, ikkje minst som julespesialen ”Øisteins juleblyant”. Kristiansen er nå medeigar i firmaet Earththree som frå kontoret i Fredrikstad sel TV-program til meir enn 50 land. Med den klare, fargerike teiknestilen sin lar han figuren ”Lille Øistein” gå igjen i stadig fleire produkt – sist i ei nyprodusert teikneseriestripe. I alt dette brukar han språktonen frå Nedre Glomma – også når han snakkar engelsk!

Juryen trur at barn er ekstra vare for kva som er ekte og kva som ikkje er det, og nettopp derfor når ”Øisteins blyant” fram til dei yngste. Og sjølv om hovudpoenget for Øistein Kristiansen ikkje er språk, men teikning, så bidrar han til å bygge ned fordommar mot østfolddialekta hos den viktigaste målgruppa når det gjeld å bygge haldningar for framtida, nemlig ungane.

Østfoldmålprisen 2012 har form av eit tresnitt av Onsøy-kunstaren Odd Skullerud. På utdelinga på Greåker vgs spelte ”Baskerland” eit talentfullt band frå musikklinja. Over 20 møtte fram, og på slutten fann dei fram til lærar-karikaturane Øistein teikna i si tid som elev på Greåker vgs.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no