Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålskarakter er viktig for nynorsken

 (09.11.2012)

(Foto: Jørgen Nordby)
– Fjerning av sidemålskarakteren vil svekkje betydninga av nynorsk i skulen, seier AU-medlem i Raudt, Stian Nicolajsen. Partiet går mot forslaget frå utdanningsdirektoratet til ny læreplan, om at det skal innførast berre ein karakter for norskfaget, melder Raudt i ei pressemelding.

– Me veit at norske elevar har svake prestasjonar i sidemål, og spesielt i nynorsk. I denne situasjonen vil det vera å gjere norske elevar ein bjørneteneste å fjerne dokumentasjonen på ferdigheitane i sidemålet. Me fryktar at dette ytterlegare vil svekkje nynorsken si stilling i skulen, og føre til at betydninga av sidemålet blir mindre i karaktersettinga, seier Nicolajsen.

Partiet stiller seg undrande til korleis endringa skal praktiserast, og meiner at utdanningsdirektoratet ikkje skjønar konteksten forslaget er i.
– Det store fleirtalet av norske elevar har nynorsk som sidemål, og dessverre er skriftmålet lite populært blant mange elevar og foreldre. Lærarane vil bli satt under eit stort press for å vege prestasjonar i hovudmålet høgast hjå elevar med dårlege sidemålskunnskapar, seier Nicolajsen.

– Poenget med læreplanar og karakterar er å sikre elevane eit læringsutbytte uavhengig av den enkelte lærar. Med èin norskkarakter skyv ein alt ansvaret for den til tider vanskelege jobben med å lære elevane nynorsk over til læraren. Det er i utgangspunktet ikkje ein dårlig idé å redusere fokuset på resultat og måling i skulen, men det er å byrje i heilt feil ende å fjerne karakteren i eit fag elevane slit i og som er under press, seier Nicolajsen.

Krev meir utredning
Eit minstekrav frå partiet er at det må gjennomførast grundige undersøkingar for å finne den eventuelle læringseffekten av forslaget.

– Dei få forsøka som er gjort manglar vitenskapleg tyngde i fagmiljøet. Ein slik endring kan få store konsekvensar for nynorskens stilling i Noreg, og må bli grundig utreida, seier Nicolajsen.

– Byråkratisk kupping av språkpolitikken
– Det er breid politisk einigheit om at Noreg skal ha to likestilte skriftmål, og det er dokumentert at to skriftmål styrkjer nordmenn sine språkferdigheiter, som óg gjer det lettare å beherske fleire språk. Dette forslaget må sjåast i denne samanhengen, og er på sett og vis eit forsøk frå byråkratiet å kuppe den vedtatte norske språkpolitikken, seier Nicolajsen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no