Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vellukka kulturkveld og haustseminar

 (20.11.2012)

Sigbjørn Hjelmbrekke (tv), Rebecca Egeland, Oddgeir Bruaset og Inger Lise Stulien
Mållaga på Agder hadde i samarbeid med Bygland Mållag sitt årlege haustseminar og kulturkveld på Ose i Setesdal siste helga i oktober.

Fredag 26. oktober var det 75 frammøtte som naut å høyre Oddgeir Bruaset fortelje frå nokre av stadene "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", så tilskiparane var glade for at dei hadde tinga Ose grendehus denne gongen.

Bygland Mållag var i sving på kjøkenet og stod for servering av rjomegraut, spekjemat, flatbrød, frukt, kaffi og saft som vart innteke med stor godhug medan Bruaset svingte signeringspennen sin i ein pause midt i det vel ein time lange føredraget. Han hadde nett kome ut med den tredje boka si om programserien, og mange såg difor sitt snitt til å få tak i ei flott julegåve til seg sjølv eller andre. Rebecca Egeland frå Kvinesdal stilte i bunad og spelte munnharpeslåttar frå setesdal, ho har forelska seg i dalen og bur helst der (på Rysstad) sjølv om ho er folkemusikkstudent i Rauland.

Dagen etter var det haustseminar i storstoga på Ose der 30 ivrige målfolk let seg inspirere av desse temaa Kvifor nynorsk? og Språkstafetten 2013 - med Agdervri. Rebecca Egeland, Inger Lise Stulien, Oddgeir Bruaset og Sigbjørn Hjelmbrekke var gode, motiverande innleiarar som skapte varm stemning og fin variasjon. Mange hadde overnatta på Ose Turistheim, ein perfekt stad å vere for målfolket, då herberget beint fram oser av tradisjon og sjarme.

Mållaga på Agder har hatt tradisjon for dette seminaret i Setesdal i mange år, men i fjor var det på Lista i samarbeid med Noregs Mållag, som òg var eit utruleg bra seminar og samla like mange frå Agder som i år. På Ose var det folk frå Lindesnes i sør til Valle i nord og frå Lista i vest til Risør i aust. Felles for alle deltakarane er ein sterk trong til å ta vare på den kan hende viktigaste tradisjonen vår av alle: Det norske språket.

Borghild Løver (tekst og foto)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no