Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblomen til Alf Holmelid

 (21.11.2012)

Alf Holmelid (Foto: Stig Marlon Weston)
Alf Holmelid fekk fredag tildelt Målblomen av Mållaga på Agder under årsmøtet til Kristiansand SV. Holmelid fekk påskjøninga for sin tydelege, klåre nynorskprofil som både lokal- og rikspolitikar.

Han har vore profilert politikar i ei rekkje år; 16 år i bystyret i Kristiansand, der 12 av dei òg var i formannskapet, han har hatt mange år med tillitsverv i lokal- og fylkeslaget, og er no i sitt tredje år som stortingsrepresentant for Vest-Agder. Heile tida har han brukt nynorsk som sitt naturlege arbeids- og politikarspråk.

– Som politikar er han nok van med å få kritikk, difor er det ekstra hyggeleg å gjeve det motsette, sa Anne Austad, nestleiar i Vest-Agder Mållag, då ho gav han Målblomen. Vest-Agder og Aust-Agder Mållag er ikkje formelt slegne saman, men samarbeider om administrasjonen og heiter naturleg nok då Mållaga på Agder, så det er faktisk to fylkesstyre som stiller seg bak utmerkinga til Holmelid.

– Me har tenkt lenge at du skulle ha denne, og vonar og trur at du held fram med både nynorsk og Stortinget i mange år enno, seier Anne Austad.

Borghild Løver / Mållaga på Agder
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no