Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Glede over eigen sidemålskarakter i SV

 (24.11.2012)

– Noregs Mållag er veldig glad for at SV og kunnskapsministeren no går inn for ein eigen karakter i sidemål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Under landsstyremøtet i helga har SV vedteke ei fråsegn som slår fast at SV går inn for at vurderingsordninga i norskfaget skal ha ein eigen karakter i sidemål. Det tyder at høyringsalternativ utan særleg prøving i sidemålskompetansen ikkje vert sendt på høyring.

– Det er svært gledeleg at SV no ryddar av vegen det som i vinter var uklårt. At SV no ynskjer ein eigen karakter i sidemål, gjev oss armslag til å finne den fagleg beste løysinga for å gjere elevane flinkast mogleg i både nynorsk og bokmål, seier Håvard B. Øvregård.

Under debatten på landsstyremøtet var det òg gjeve ei brei støtte til at tidleg start med sidemål er bra for sidemålsopplæringa.

– Tidleg start med sidemålsundervisning for bokmålselevane betrar både haldningane til og ferdigheitene i nynorsk. Dette gjer sidemålsundervisninga lettare på ungdomsskulen og i vidaregåande, seier Håvard B. Øvregård.

For meir informasjon: Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no