Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir kritikk av rapporten frå Nordlandsforsking

 (05.12.2012)

No blir både rapporten og bruken av den igjen kritisert.

Eit framlegg til ny læreplan i norsk skal snart ut på høyring. Sjølv om det er heile læreplanen som skal på høyring, har det vore mest diskusjon kring dei nye vurderingsalternativa. Eit av framlegga har vore å fjerne sidemålskarakteren, og berre å ha ein sams karakter for alle dei tre greinene i norskfaget. Dette har vore prøvd ved to vidaregåande skular, Kongsbakken videregående skole og Fana gymnas. I haust vart desse to forsøka evaluerte i ein rapport frå Nordlandsforsking. No blir både rapporten og bruken av den igjen kritisert.

– Utdanningsdirektoratet bruker rapporten frå Nordlandsforskning for alt han er verd i argumentasjonen for å fjerne sidemålskarakteren i norsk, seier Endre Brunstad, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen til Forskerforum.

Også Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO), reagerer.

– Det er jo eit politisk standpunkt at ein skal ha sidemålsopplæring, og om ein ønskjer å endre på dette, bør ein normalt gå den politiske vegen gjennom politiske fatta vedtak. Det er oppsiktsvekkande at politikarar og ein del byråkratar trur at vi forskarar skal engasjerast til å drive med ei slags form for effektforsking for å kunne sjå verdien av eit kunnskapsfelt som Stortinget har vedteke, seier Berge til Forskerforum.

Les heile artikkelen her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no