Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Læreplan i norsk på høyring

 (05.12.2012)

Utdanningsdirektoratet har i dag sendt den reviderte læreplanen for norskfaget ut på høyring. Det har så langt vore mest diskusjon kring endringane av vurderingsordningane.

- Noregs Mållag er glad for at SV og kunnskapsminister Kristin Halvorsen no seier at dei ikkje kan godta eit alternativ utan eigen karakter i sidemål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Høyringsframlegget er òg eit gjennomslag for tidleg start for sidemålsopplæring, noko Noregs Mållag har arbeidd for i ei årrekkje.

Noregs Mållag vil ha eit best mogleg norskfag, med ei best mogleg vurderingsordning. Det er avgjerande at revisjonen og vurderingsordningane ikkje fører til statustap for nynorsken.

- For Noregs Mållag er det viktig at revisjonen ikkje går på tvers av vedteken språkpolitikk og at resultatet ikkje vert eit norskfag som svekkjer jamstillingsprinsippet, seier Håvard B. Øvregård.

Saka er no på høyring med høyringsfrist 5. mars. Noregs Mållag vil kome med eit breitt høyringssvar.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Janne Nygård, nestleiar, 916 16 637 (m)

***
Høyringsrunde frå Utdanningsdirektoratet frå 5. desember til 5. mars:
05.12 Høyring - Justering av læreplan (i mellom anna) norsk
05.12 Høyringsnotat om endringar i læreplanen i norsk i grunnskolen og vidaregåande opplæring
05.12 Høyringsbrev til høringsinnstansane
05.12 Læreplan i norsk (høyringsutkast 05.12.12)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no