Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framtida.no får støtte frå Fritt Ord

 (10.12.2012)

Den nynorske nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, får støtte frå Fritt Ord til ein artikkelserie om det politiske i språket.

– Det er veldig kjekt at ein institusjon som Fritt Ord har tru på prosjektet vårt, seier Svein Olav Langåker, prosjektleiar for Framtida.no. Fritt Ord bidreg med 50.000 kroner.
Artikkelserien som Fritt Ord støttar er del av eit prosjekt der Framtida.no har som mål å tilsetja det som kan bli Noregs første språkjournalist.
– Framfor stortingsvalet i 2013 meiner me det er ekstra aktuelt å skriva om språk og kva orda me bruker har å seia for folkestyret, seier Langåker.
Målet med artikkelserien er å gje fleire lesarar ein god grunn til å snakka om språk i det komande Språkåret. Framtida.no ønskjer å visa fram språkmangfald, kva makt som ligg i språket og avdekkja språkleg avmakt.

Nær 400.000 unike brukarar
Framtida.no blei starta av ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Landslaget for lokalaviser hausten 2010. Framtida.no har i dag ein redaksjon på to årsverk. I tillegg leverer kring 20 aviser og over 20 unge skribentar artiklar til Framtida.no. Sidan starten har nær 400.000 unike brukarar besøkt nettsida, og talet på vekentlege og daglege brukarar aukar.
– Målet vårt er å saman med Startsida.no vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og vera til nytte og glede for stadig fleire lesarar, seier Svein Olav Langåker.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no