Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Særs vellukka Sunnmørsseminar

 (13.12.2012)

Denne hausten har det vore fleire vellukka seminar rundt om kring i Noregs Mållag. Eit av dei var Sunnmørsseminaret.
– Eg nøler ikkje med å karakterisere det som ei god investering, endå om det nesten tømer kassa i Sunnmøre Mållag. Alle attendemeldingane frå deltakarane var positive. Dei sa dei hadde lært mykje, og at dei hadde henta inspirasjon til det dagelege arbeidet på lokal- og fylkesplanet, seier Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag.

Sunnmørsseminaret var på det nye hotellet og kulturhuset i Ulsteinvik 3. og 4. november.
– Denne gongen greip me djupt ned i lommeboka og satsa på overnatting på eit topp moderne hotell. Føremålet med det er at me i målrørsla skal bli betre kjende med kvarandre. Det i seg sjølv og den uformelle praten rundt borda utover kvelden inspirerer og knyter oss nærare saman.

– Det viktigaste trur eg likevel, er det faglege påfyllet, legg han til. Som Ottar Grepstad sa i det framifrå foredraget sitt, har ideelle organisasjonar og interesseorganisasjonar vanskar med å oppdatere seg fagleg. Det er ikkje rart. Dei aller fleste driv dette arbeidet på fritida. Difor er foredrag som Grepstad sitt særs verdifulle for oss.

Nynorsk er ikkje eit truga språk
Ottar Grepstad peika mellom anna på det han kalla paradigmeskiftet innan språkvitskapen. Teorien om «den frie sprogutvikling» høyrer heime på historia sin skraphaug.Det same gjer paradigmet om eitt språk, ein nasjon. I dag finst det snautt nok nasjonar att i verda som har berre eitt offisielt språk, og «alle» reknar det som sjølvsagt at maktstrukturane i samfunnet rundt påverkar språket.

Ottar Grepstad tilbakeviste også påstanden frå mellom anna kunnskapsminister Kristin Halvoren om at nynorsken kan forsvinne i løpet av få år. På mange område står nynorsken sterkare enn nokon gong. Det har aldri vorte skrive meir nynorsk tekst enn i dag. Nynorsken er ikkje eit truga språk.

Kjetil Tandstad, tidlegare redaktør av Dag og Tid og mangeårig journalist i Sunnmørsposten, gav råd om korleis me skal vende oss til og bruka ulike medium målmedvite. Han gav tips om korleis me kan skrive avisinnlegg, og det vart også litt tid til å øve å argumentere både munnleg og skriftleg. Særs nyttig, for dette er noko av det målfolk finn vanskelegast.

Leiar i Mållaget, Håvard B. Øvregård, har i kampanjen Gjennom ord blir verda stor vitja minst 50 barnehagar, og han fortalde om erfaringane med det. I ein sekvens der deltakarane var barnehageborn, demonstrerte han også korleis han har gått fram. Mange vart rett og slett imponerte, og inspirerte og tryggare.

– Språkstafetten og Språkåret 2013 vart det dessverre litt for knapp tid til, fortel Kjøde. Deltakarane hadde gjerne sett at denne sekvensen, som vart leia av Janne Nygård, hadde vart lenger. Men me skal sjå om me kan få til eit impulsmøte her på Sunnmøre med det første, avsluttar ein nøgd fylkesleiar.

Romsdøler, møringar og fjordingar samla til Sunnmørsseminar.
På kne frå venstre: Oddhild Brandal, Tore Krøvel Dahl, Iselin Nevstad Øvrelid, Berit Bjørlo, Marita Bett Jensen
Andre rekkje frå venstre: Veronika Bonaa, Janne Nygård, Guri Aasen, Ida Brudevoll, Trine Naadland, Stina Aasen Lødemel, Marit Kvammen, Ove Strømme
Bak frå venstre: Anne Karin Høgset, Kristian Fuglseth, Olav Høgset, Kristian Almås, Aud Lunde, Ottar Grepstad, Kjetil Tandstad, Håvard Øvregård, Roger Nedreklepp, Jostein O. Mo, Njæl Ølmheim, Eivind Veddegjerde, Nils Ulvund, Øivind Fenne. (Foto: Terje Kjøde)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no