Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Det er jol i Mållags-Noreg

 (13.12.2012)

Over heile landet lagar lokale mållag jolehefte. Dette er ein veldig fin tradisjon i mange bygder, og så gjev det også viktige inntekter til laga. Her er gjennomgang av nokre av utgjevingane.

Årbok for Telemark
Telemark Mållag gjev ut Årbok for Telemark. Og ei ny utgåve av Årbok for Telemark er på marknaden att. I denne boka finn du mykje interessant stoff frå heile Telemark. Gjennom dei skiftande og varierte artiklane, kjem du på ein eller annan måte innom så godt som alle kommunane i fylket. Vil du tinge Årbok for Telemark? Send e-post til: ragnv-c@online.no eller ring Tlf. 350 70 305 – 916 63 922.

Jølst
Jølster vert “Jølst” gjeve ut for 29. gong, melder Firda. Dette er joleheftet til Jølster Mållag.
– Lokalhistorie er viktig å ha med seg, og sidan Jølster manglar ei skikkeleg bygdebok, så har vi den trua at «Jølst» kan vere ei aldri så lita erstatning for ei god bygdebok, skriv medlem i redaksjonen, Hallstein Dvergsdal, i sin leiar. Som også understrekar at bladet skal vere eit språkpolitisk organ, og eit talerøyr for Jølster Mållag og målsaka.

Du mitt Nordmøre
«Du mitt Nordmøre» har skribentar frå heile Nordmøre, og vil å vere eit tilbud til heile Nord- møre, skriv Tidens Krav. Dette er årboka til Nordmøre Mållag. Nokre har vore med i mange år, som til dømes Ottar Roaldset, Tor Erik Jenstad, Bernt Idar Gudrunson Bøe og Svein Sæter. Men Nordmøre Mållag lukkast også med å skaffe nye namn: Merete Bratsberg Aae skriv om «Dei brysame turistskattane» og om hennas veg til nynorsken, medan Odd W. Williamsen gjev ein smak frå si ferske bok om Nicolay H. Knudtzon III.

Gamalt og nytt frå Nissedal
Dette er eit hefte som kjem ut på 9. året. Nissedal Mållag og Nissedal historielag byter på kven som står for utgjevinga. I år er det Nissedal Mållag. Eit mangslunge innhald frå eit kjent og nært miljø ventar lesarane av det rykande ferske «Gamalt og nytt frå Nissedal», skriv Telemark Tidend i Telemarksavisen.
– Me freistar å ha mange og korte tekstar i staden for få og lange, fortel Tor Valle i skriftstyret til det nye årsskriftet, gjeve ut av Nissedal mållag. Målsetjinga om å samle mange små tekstar har utgjevarane så visst også klart å etterleve. Dei nærare 90 sidene ber på over 30 tittlar og tek for seg historiske og nyare skildringar, dikt, intervju og nostalgiske avisutklypp med ulike omtalar.

«De e ogoskli»
Joleheftet kjem ut for 26. gong og det er Vegårshei Mållag som gjev ut heftet. I god tid før jul er Vegårshei Mållag klar med ei ny utgåve i den populære serien «De e ogoskli». Mange vegårsheiingar har skrive til dette årsskriftet som inneheld mykje historisk stoff, skriv Tvedestandsposten.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no