Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fron Mållag er skipa

 (22.02.2013)

Denne veka var det årsmøte i Nord-Fron Mållag, der også medlemane i Sør-Fron Mållag var innkalla. Det vart vedteke lover for laget, økonomien vart samordna og det vart valdt eit nytt styre.

På det godt besøkte årsmøtet vart det stadfesta at Nord-Fron Mållag og Sør-Fron Mållag i Gudbrandsdalen slår seg saman til eitt lag som får namnet Fron Mållag. På årsmøta for eitt år sidan var det vedteke at ein ynskte å slå saman desse to laga.

Ny leiar i laget er Paul Henrik Hage, som var leiar i Nord-Fron Mållag for 17 år sidan, men som no gjer come-back som leiar i det nye laget. Fron Mållag har til saman 87 betalande medlemer.

Vi ynskjer det nye laget lukke til!

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no