Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til lukke med valet

 (10.09.2013)

Noregs Mållag gratulerer den borgarlege sida med valet i går. No skal fire parti med svært ulikt syn på nynorsken setje seg ned og sjå om dei kan regjere saman.

– KrF og Venstre har vore gode parti for nynorsken, og saman med Ap, SV og Sp er det framleis eit klart stortingsfleirtal for å halde på den obligatoriske opplæringa i båe språk, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Saman med den store nynorskopposisjonen i Høgre og gode nynorskfolk i Frp håper Noregs Mållag på det beste for nynorsken. Noregs Mållag ser fram til resultatet av regjeringsforhandlingane og håper på ein god politikk for nynorsken dei neste fire åra.

Noregs Mållag ynskjer:
- framleis obligatorisk sidemålsundervisning og karakter i sidemål
- at forsøksordninga i norskfaget får halde fram
- at språkreglane for statsetatar blir vidareførde
- at ein tek språklege omsyn ved kommunesamanslåing
- ei styrkt språkopplæring for nynorskelevane i nynorskområda.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no