Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget gratulerer McDonald’s

 (24.10.2013)

Kvar haust byter McDonald’s ut leikene i den populære Happy Meal-menyen sin, og erstattar dei med ei valfri bok. For fyrste gong er det råd å velja ei nynorsk bok, "Pinne, Grisen og vesle vennen" av Lena Anderson.

– Det er eit imponerande medvite val av McDonald’s, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø. Å lesa og sjå nynorsk er viktig for alle born. Mange born vil møta nynorsk utan fordommar, og sjå at språket også høyrer heime mellom hamburgar og pommes frites. Slik kan eit hamburgarkjøp kanskje vera med på å bryta ned nokre språklege fordommar. Ikkje minst er ”Pinne, grisen og vesle vennen” ei bok som fortener ein mykje større lesekrins enn ho har i dag, seier Tennø.

McDonald’s lèt ikkje berre kvalitet gå føre språk, men har også gått ut og understreka at dette er eit medvite val som speglar språket til kundane deira.

– Her er det mange føretak som har mykje å læra, seier Tennø.

Boka er å få på McDonald's over heile Noreg i ei veke frå i morgon. 

 

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no