Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Juleklassikar i nynorskdrakt

 (19.12.2013)

Eyvind Skeie har omsett sin eigen song "Når er den hellige timen" til nynorsk. Songen er svært godt likt, og har blitt mykje nytta på juleavslutningar over heile landet.

 

No er den heilage time

Til nynorsk ved Eyvind Skeie og Per Flatøy.

No er den heilage time.

Me står i stjerneeld

og høyrer klokkene kime.

No er det julekveld.

 

Omkved:

Englane syng så høgt i kor

songen om fred på vår jord.

Jorda var aldri heilt forlatt.

Ei stjerne lyser i natt.

 

Ein nyfødd kjærleik som drøymer,

no er Guds himmel nær.

Vår lange vandring me gløymer;

stjerna har stansa her.

 

Omkved

 

Himmelen ligg her og kviler,                            

jorda har fred og ro.

Me står kring krubba og smiler,

for me er framme no.

 

Omkved: 

Her lever håpet om ein fred

som me skal eige ein gong.

Himmelen hadde barnet med,

me fyller jorda med song.

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no