Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektleir – støylsliv på halling!

 (04.06.2014)

Hemsedal Mållag skipar til dialektleir for ungar i 3.- 8. klasse på Krosstølane i Hallingdal i juli. Sønnev Skrede og Tori Snerte er støylsvertsskap. Påmeldingsfristen er 10. juni. 

– På denne dialektleiren knyt Hemsedal Mållag hallingdialekta til det ungane opplever i stølslivet, ute i naturen og i all slags leik og samvær. På den måten får ungane positive haldningar til dialekta, øver seg i å bruke ho - og mykje kunnskap smett inn på ein naturleg måte, skriv Hemsedal Mållag. 

Til avisa Hallingdølen fortel dei at dei ikkje har høyrt om andre som har laga til dialektleir på denne måten, men trur det kan vere både nyttig og viktig å prøve ut. 

– Alle som er klare for å byte ut Å med Ø er velkomne, seier Sønnev Skrede til Hallingdølen. 

– Me trur det blir morosamt, seier Sønnev Skrede, og vil gjerne ha påmeldingar innan 10. juni. Les meir på Facebook-sida til dialektleiren. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no