Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Grunnlova til alle klasserom

 (13.06.2014)

Denne veka sender Noregs Mållag ut ein plakat med Grunnlova til alle dei vidaregåande skulane i heile Noreg.

Den 6. mai vedtok Stortinget ei språkleg modernisering av Grunnlova og dermed fekk me i Noreg ei grunnlov som er lett å lese og å forstå.

– Mållaget vil vere med å bidra til eit ordskifte om Grunnlova og grunnlaget for demokratiet vårt i klasserom over heile landet. Difor sender me ut ein veggplakat til alle vidaregåande skular i heile landet slik at dei alle kan lese Grunnlova vår, på nynorsk, fortel Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Marit Aakre Tennø peikar på at utsendinga av grunnlovsplakatar er ei fin markering av 200-årsjubileet og ei hylling til folkestyret og eit ynske om at me òg i framtida skal ha eit samfunn der alle har ei røyst. Plakaten vil òg vere å få tak i hjå Noregs Mållag.

– Mange har ynskt seg ein plakatversjon av Grunnlova. Det vart det òg ynskt frå talarstolen i Stortinget, så det skulle berre mangle at me ikkje tek den utfordringa, seier Marit Aakre Tennø.

Bilete av Marit Aakre Tennø og plakaten

Vil du sikre deg den historiske plakaten? Sjå innom nettbutikken vår. 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no