Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til John Skien

 (23.06.2014)

Styret i Rogaland Mållag heidrar John Sigurd Skien med målprisen for 2013.

I grunngjevinga legg styret vekt på at John Skien har utmerka seg med godt språk i radio og fjernsyn. Han bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet på ein framifrå måte. Arbeidet hans i Norge Rundt har vore særs viktig for å halda nynorsken ved like og visa det rike mangfaldet i språket. Det same kan seiast om arbeidet hans i NRK Rogaland.

John Skien fekk Kringkastingsprisen for arbeidet sitt i NRK i 2010. Nylig fekk han Kongens Fortenestmedalje for framifrå journalistisk arbeid.

– John Sigurd Skien viser med dialekten sin og nynorsken at det er ikkje språket som avgjer kva arbeid eller heider ein kan oppnå, men ved at ein nyttar talemålet sitt på ein naturlig og god måte, seier Magne Viggo Høyland, leiar i Rogaland Mållag, som delte ut målprisen. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no