Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Odda-modellen sikra

 (19.12.2014)

- Odda mållag har gjort ein formidabel innsats for å sikre elevane på Odda ungdomsskule best mogeleg hovudmålsundervisning gjennom å redde Odda-modellen, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø.  

På kommunestyremøtet i Odda i går sikra Arbeidarpartiet, Raudt og Demokratane språkdelinga på ungdomsskulen.

I vedtaket vert språkdelinga halden oppe og inndekninga skjer innan budsjettramma på Odda Ungdomskole. Vidare skal kommunen arbeide for ei statleg medfinansiering. Kommunestyre takkar ja til invitasjonen frå Noregs Mållag om å gjere språkdelinga ved ungdomskulen (Odda-modellen) til ei nasjonal ordning i språkdelte kommunar i Noreg.

- Dette var ei god jolegåve frå Odda mållag til alle målfolk, seier Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag.

 

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no