Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 4. JUNI 2020 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i Donald? Ja takk

 (22.01.2015)

Denne veka er det nynorsk i snakkeboblene i Donald Duck & Co. Vi har starta eiga Facebook-side og vonar dette blir eit folkekrav: Sei ja til nynorsk i Donald, du òg! 

Framtida.no melder at det denne veka er det kome nytt nummer av Donald Duck der «Rarill Krise» snakkar nynorsk. Han er ein hardtslåande journalist og er inspirert av den kjende nynorskrøysta og TV-jounalisten Arill Riise. 

Framtida.no intervjua vår eigen mållagsleiar Marit Aakre Tennø, som sa at ho tykte det var veldig bra at det kjem nynorsk i Donald Duck og at ho gjerne ser at det kjem meir nynorsk i bladet. Framtida.no spurte like gjerne redaktøren i Donald Duck om det vert meir nynorsk i bladet etter dette. 

– Det har eg ikkje tenkt på, men kanskje det kjem om dei startar eit Facebook-opprop eller fakkeltog, sa Donald-redaktør Marius Molaug, men la ikkje skjul på at han tykte det kunne vere ein god ide. 

Så i valet mellom opprop og fakkeltog blir det altså opprop! Bli med å seie ja takk til nynorsk i Donald, du òg! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no