Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rogaland Mållag vitja Bryne vgs

 (27.05.2015)

Styret i Rogaland Mållag har hatt møte med Lars Tore Helgeland, rektor ved Bryne vidaregåande skule, om bruk av nynorsk ved skulen. 

Bryne vidaregåande skule og Time vidaregåande skule blei hausten 2014 slått saman til Bryne vidaregåande skule. Dei flyttar inn i nytt og flott skulebygg hausten 2015. Begge skulane har røter i målrørsla i og med at Rogaland Mållag var sterk pådrivar for etableringa av både Bryne Landsgymnas i 1924 og Bryne Handelsskule i 1957.

– Me i Rogaland Mållag minte rektoren på historia til skulen og bad han vidareføra og styrka nynorsken i bruk i den nye skulen, fortel Else Berit Hattestad, nestleiar i Rogaland Mållag. 

Magne Viggo Høyland, leiar i Rogaland Mållag, overrekte rektor plakaten med Grunnlova på nynorsk, slik at han kan henga den opp på ein godt synleg plass. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no