Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vaflar og verving

 (18.09.2015)

På måndag stilte Firda Målungdom med stand på Firda vgs på Sandane.

Norsk Målungdom har sett i gang ein større vervekampanje. Firda Målungdom på Sandane føl opp ein lang tradisjonen i laget: Dei servere vaflar når dei skal verve medlemer.

– Det er fin stemning, og fleire av elevane vil vere med i Firda Målungdom, seier Kine Svori, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom. Ho var på vitjing, og saman delte dei ut vaflar og verva medlemer.

Og jammen var det tomt for vaflar då biletet vart teke. Dei som sto på stand var: Eirik Førde, Kine Svori, Ingrid Nedrebø, Solveig Villung og Tanja Kvellestad Akse. Førebels oversyn hjå Norsk Målungdom syner at fleire av aktivistane i Firda Målungdom er på vervetoppen. Me ynskjer lukke til!

PS! Vil du bli medlem i Norsk Målungdom - sjølv om du ikkje fekk smake vaflane til Firda Målungdom? Send kodeord NMU100og namn, e-post og fødeår til 2090 (kr. 100,-, dekkjer kontingenten ut 2015 og 2016).

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no