Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vervekampanje

Frå 1. oktober gjeld nyinnmelding i Mållaget både for inneverande år og neste år. Eit år og tre månader til prisen av eitt: 200 kroner. Dei som melder seg inn, kan vinne fine vinstar!

Vervekampanjen vår startar 1. oktober og varer fram til 31. desember. Me trekkjer fem tilfeldige vinnarar av dei som har meldt seg inn mellom desse datoane. Så når ein melder seg inn, blir ein automatisk med i eit lotteri. (Den nye medlemen må ha betalt.) I januar 2016 fortel me kven som har vunne.

Om alle tek i eit tak, greier me kanskje å nå 12 000 medlemer før 1. januar. Hugs at du kan verve husstandsmedlemer. Husstandsmedlemer har halv pris året etter, men då må me få melding om kven den nye medlemen bur i hop med.

Premiane:

  • 5. premie: DVD med Reisa til fjørkongens rike
    (verdi 250,-)
  • 4. premie: Forkle frå Aasentunet med sitat av Hulda Garborg
    (verdi 298,-)
  • 3. premie: Bokpakke med bøker av Hovland, Fosse, Bildøen og Grytten
    (verdi 650,-)
  • 2. premie: Halvårstinging på Dag og Tid
    (Verdi 990,-)
  • 1. premie: Nyprodusert rørospledd med Noregs Mållag sitt bumerke.
    (Verdi 1500,-)

Nye medlemer kan sende NYNORSK i ein sms til 2490, eller bruk innmeldingsskjema på nettsidene våre. Vervar de fleire, så er det også råd å sende namna i ein e-post til oss.

Lukke til!

 

Erik Grov
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no