Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Laber satsing på nynorsk

 (07.10.2015)

Noregs Mållag vil gje regjeringa skryt for å stø satsinga på nynorsk barne- og ungdomslitteratur gjennom auka tilskot til Det Norske Samlaget, men meiner at regjeringa ikkje er offensiv nok for å auka statusen til nynorsk.

Av nynorskinstitusjonane er det ingen andre enn Samlaget som får meir enn indeksreguleringa. Auken på 500 000 går til satsing på barne- og ungdomslitteratur, og Mållaget set pris på at det har vorte prioritert.

I budsjetteksten slår regjeringa fast at stoda for nynorsk og bokmål er ulik, men seier ikkje noko om kva denne ulikskapen inneber. Såleis er budsjettproposisjonen også fri for vurderingar av om nynorsk treng andre støtteordningar enn bokmål for å ha dei same reelle vilkåra.

Noregs Mållag får 4 207 000 i årets budsjett, ei indeksregulering på
79 000 kr eller 1,9 prosent.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no