Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krev fleire lærebøker på nynorsk

 (07.12.2015)

Noregs Mållag meiner det må verta lettare for kommunane å gje nynorskopplæring til vaksne innvandrarar.  

– Då trengst det større tilfang av nynorsk opplæringsmateriell. Det er i dag ikkje godt nok at parallellitetskravet for læremiddel ikkje gjeld for norskopplæringsmateriell, slik det gjer for anna skulemateriell. Mållaget meiner eit slikt krav må innførast. Det inneber at læremiddel for vaksne innvandrarar må koma på nynorsk og bokmål til same tid og same pris, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Vidare er det viktig at når Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet tildeler pengar til Vox (Nasjonalt senter for kompetansepolitikk) for læremiddelutvikling i 2016, må ein større del av potten gå til utvikling og omsetjing av nynorske læremiddel, seier Marit Aakre Tennø. Noregs Mållag har sendt brev til departementet om saka.

Læremiddelsituasjonen i norskopplæringa for vaksne innvandrar er i stor grad dominert av bokmålsverk. Det finst ingen krav til at det skal utviklast nynorske læremiddel, og for å kunne utvikla nynorske læremiddel er forlaga avhengige av tilskot frå Vox, løyvt av departementet.

Utvalet av nynorske læremiddel er monaleg dårlegare enn for læremiddel på bokmål. Det er ein av grunnane til at berre 39 av nynorskkommunane i dag gjev vaksne innvandrarar opplæring på nynorsk.

– No er fleire kommunar på veg til å gå over til å gje opplæring på nynorsk, og dette er svært gledeleg. Voss gjorde vedtak om å gå over til nynorsk denne veka. Hjelmeland, Ullensvang og Osterøy skal ha saka opp i kommunestyret før jul. Læremiddelsituasjonen har dei siste åra blitt betre, men det er framleis eit stort gap mellom utvalet av læremiddel til dei som får bokmålsopplæring og dei som får nynorskopplæring, seier Marit Aakre Tennø.

I NOU 2010:7: Mangfold og mestring – flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet slår ein fast at læremiddel for innvandrarar bør inn under parallellitetskravet  i opplæringslova.

Folkeveksten kjem i heile landet av utanlandsk innvandring, og god norskundervising er avgjerande for god integrering. I nynorskkommunane bør vaksne innvandrarar læra det språket ungane skal læra på skulen og som vert brukt elles i kommunen. Då må det vera like lett å tilby nynorskundervising som bokmålsundervising. Til dét trengst det fleire læremiddel.

 

For meir informasjon:

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, 45 47 17 16

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no