Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk på Jæren

 (04.01.2016)

Mållaga i Klepp, Time og Hå inviterer medlemmer og andre interesserte til eit ope møte med ordførarane i dei tre Jærkommunane til dialog om val av målform i kommunane.

Stavanger Aftenblad melde 17. desember at kommunane i avtaleutkastet til intensjonsavtale ikkje har konkludert med kva som skal vera målforma til den eventuelt nye kommunen, dei vil la det vera opp til det nye kommunestyret å vedta. 

Ane Mari Braut Nese, ordførar i Klepp kommune, er klar på at målforma må vera nynorsk, ordførarar Jonas Skrettingland i Hå kommune vil vera språknøytral medan Time-ordførar Reinert Kverneland seier at det er full krig i hans parti om kva som er best for den nye kommunen.

- Me som er glade i språket vårt må reisa oss opp og seia klart i frå kva me meiner og kvifor nynorsk er viktig for Jæren, seier Else Berit Hattaland, leiar i Klepp Mållag. 

Dei tre mållaga vonar difor flest mogleg kan møta opp i Jæren Sparebank sin festsal i 3. etasje i bankbygget i Kleppekrossen klokka 19.00, tysdag 5. januar 2016. Møtet vil vara omlag ein time. Les meir om møtet på Facebook

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no