Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vert du glupare av å kunne både nynorsk og bokmål?

 (21.01.2016)

Foto: Bjørn Erik Pedersen

Har ein kognitive fordelar av å nytte to norske skriftspråk? Korleis kan det i så fall bevisast? Dette er spørsmål som skal drøftast på seminaret Kognitive effektar av norsk toskriftspråklegheit – metodar og funn i Sogndal i februar.

At fleirspråklegheit kan gje kognitive og lingvistiske fordelar, er dokumentert i ei rad forskingsarbeid. Om dette òg gjeld personar som er toskriftspråklege med nynorsk og bokmål, er dei siste åra undersøkt av mellom andre Øystein Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Mila Vulchanova ved NTNU.

No arrangerer Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen eit ope seminar for å kritisk diskutere metodar og funn i desse forskingsarbeida. Hit kjem Vulchanova og Vangsnes med kollega Göran Söderlund for å leggje fram arbeida sine. Dei skal kommenterast av språkvitarane Lars Anders Kulbrandstad ved Høgskolen i Hedmark, Tove Bull ved Universitetet i Tromsø og av psykologane Andrea Bender og Sieghard Beller ved Universitetet i Bergen.

Seminaret er ope for alle og går føre seg 25. og 26. februar på Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. 

Påmelding: https://www.hisf.no/nn/kognitive-effektar-av-norsk-toskriftspr%C3%A5klegheit#.VpzzlKPkOZM

 

Kontaktpersonar:

Foto: Bjørn Erik Pedersen / wikimedia.org
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no