Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til lukke med dagen! Saemiej åålmegebiejjie!

 (05.02.2016)

Noregs Mållag ynskjer Sametinget og det samiske folket til lukke på nasjonaldagen 6. februar.

Ei tidlegare feiring i den samiske barnehagen i Oslo. (Foto: Kjartan Helleve)

Kampen for samiske språkrettar og meir samisk i ålmenta er langt frå vunnen, og me stør innsatsen for samisk språk og kultur. Ikkje minst dei oppveksande generasjonane treng å sjå meir samisk rundt seg. Å ha tilgang på nok litteratur på eige språk er ei utfordring samiske ungar deler med ungar som lærer nynorsk. Me er glade for at det var eit nynorskforlag som i fjor lanserte digitale utgåver av barnebokklassikaren «Jakob og Neikob» både på sørsamisk, nordsamisk og lulesamisk.

Noregs Mållag håper nasjonaldagen vert feira over heile Noreg. Til lukke med dagen og lukke til med det vidare arbeidet!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no